PÅMELDING

ONLINE PÅMELDING ER NO STENGD.

Nettpåmeldinga til Fanaråken opp opnar 1.januar 2017 og vil vere open til 10.august kl 21.00. Dersom du vil etterandmelde deg fredag eller laurdag gjer du dette ved oppmøte på løpskontoret på Fjordstova fredag frå 18:00-21:00, på løpskontoret i Turtagrø løpsdagen frå 07:30-10:00 eller på mail til mona_bukve@hotmail.com.

Velkommen til motbakkemoro!!

Konkuranseklassar:
  • Kr. 350,- i konkurranseklassane for alle som er 23 år og eldre. (Kr 300 ved påmelding og betaling før 17.mai)
  • Kr. 300- i konkurranseklassane for alle mellom 15 og 22 år. (Kr 250 ved påmelding og betaling før 17.mai)

I konkurranseklassa er det etteranmeldingsgebyr på 50 kr etter 10.august.

Merk at yngste klasse i konkurranseklassane er 15-17 år ! (f.2002-2000)
Medlemar i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett – får kr 25,- i rabatt ved påmelding i konkurranseklassane før 1.august.

Mosjon:
Kr. 200,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle som er 23 år og eldre. (Kr 175 ved påmelding og betaling før 17.mai)
Kr. 150,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle opp til 22 år. (Kr 125 ved påmelding og betaling før 17.mai)

ONLINE PÅMELDING ER NO STENGD.

Startkontingenten skal betalast straks du har sendt inn påmeldinga til: IL Fanaråk, v/ Jakob Øygard, 6877 Fortun.
Bankkontonr. 3785.12.49320. Merk innbetalinga med namnet på den/dei påmeldinga gjeld for ! For betaling frå utanlandske kontoar: IBAN: NO9337851249320  BIC: DNBANOKK

 

Verksemder som vil melde på 5 el. fleire samla i mosjonsklassa i Fanaråken Opp får tilbod om kr. 130 pr. pers. uansett alder. Det same tilbodet får også familiar som melder på 3 el fleire samla. Dei må sende mail-påmelding til mona_bukve@hotmail.com og legge fram kopi av kvittering for betalt kontingent ved henting av startnummer.

Klasseinndelinga i konkurranseklassa er lik for damer og herrar ; 15-17, 18-19, 20-22, 23-34, 35- 39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69 og 70-74 og 75-79 og 80+.
I mosjonsklassa er det inga klasseinndeling.


 

Alle startkontingentane er inkl. eingongslisens til Norges Friidrettsforbund (NFIF). NFIF har vedteke at ein f.o.m 2014 må betale eingongslisens eller mosjonsskatt for å delta i mosjonsløp i Noreg.

Alle arrangørar som er medlem i NFIF blir pålagd å kreve inn og innbetale denne lisensen til NFIF. Dei beløpa som arrangørane må innbetale er mellom kr. 20 og kr. 50 pr deltakar.
Denne innkrevinga av eingongslisens er ikkje noko som IL Fanaråk gjer med glede fordi me er i mot innføringa av eingongslisens på mosjonsarrangement. For oss er det viktig å stimulere til at så mange som mogeleg har deltaking i mosjonsarrangement ute i naturen som mål for å halde seg i trening året rundt. Dette er viktig for folkehelsa. Vi vel likevel å følgje NFIF sitt krav i denne omgang, då IL Fanaråk ønskjer å følgje lovar og reglar.
For dei som har betalt årslisens til Norges Fridrettsforbund og som ønskjer å få refundert eingongslisensen, er det utvikla ei elektronisk løysing for dette som du finn på https://response.questback.com/norgesfriidrettsforbund/tilbakebetalinglisens.

Ved påmelding samtykker du til at namnet ditt vert offentleggjort på start- og resultatlister. Desse listene inneheld opplysningar om aldersklassar og klubbmedlemskap. Du samtykker og til at bilde av deg kan bli lagt ut på heimesider, instagram og facebook, samt i media etter arrangementet.