INFORMASJON

fkFanaråken Opp, frå 868 – 2.068 moh på 8,4 km blir i 2017 arrangert for 15. gong. Starten er ved Turtagrø Hotel 868 moh. Mål er på Fanaråken 2.068 moh ved nord-Europas høgastliggjande turisthytte. Samla høgdeskilnad er 1200 meter mellom start og mål.

 

Løypa
Løypelengda er kontrollmålt til 8,4km. Dei fyrste 900 m av løypa går i slak stigning på asfalt oppover Sognefjellsvegen før løypa tek av på grusvegen innover Helgedalen. Etter omlag 5 km med om lag 200 m samla stigning går løypa bratt oppover fjellstien til toppen av Fanaråken. På 4 km stig løypa 1.000 høgdemeter.

Den fyrste halvdelen av løypa vart i 2011 lagd litt om og forlenga.
Stien opp til Fanaråken vart for nokre år sidan utbedra av sherpaer frå Nepal.

 

Klassar

Fanaråken Opp blir arrangert både med mosjonsklasse utan tidtaking og med konkurranseklassar med tidtaking. Deltakarrekorden er 568 .

Konkuranseklassar:

  • Kr. 350,- i konkurranseklassane for alle som er 23 år og eldre. (Kr 300 ved påmelding og betaling før 17.mai)
  • Kr. 300- i konkurranseklassane for alle mellom 15 og 22 år. (Kr 250 ved påmelding og betaling før 17.mai)

Merk at yngste klasse i konkurranseklassane er 15-17 år ! (f.2002-2000)
Medlemar i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett – får kr 25,- i rabatt ved påmelding i konkurranseklassane før 1.august.
Mosjon:

  • Kr. 200,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle som er 23 år og eldre. (Kr 175 ved påmelding og betaling før 17.mai)
  • Kr. 150,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle opp til 22 år. (Kr 125 ved påmelding og betaling før 17.mai)

 

Mosjon 1550– mosjonsløp for deltakarar opp til 12 år

Er du født i 2005 eller seinare og har lyst å vere med på Fanaråken opp? 12.august kan du vere med på Mosjon 1550.  Turen startar i Turtagrø og går opp mot Fanaråken til ca 1600 moh. Her stemplar du kortet ditt og får premie når du kjem ned att til Turtagrø.  Du er og med i trekninga om Lustratrippelen dersom du deltek på Lustraløpet, Molden opp og Fanaråken opp.

I mosjonsklassa er det ikkje etterpåmeldingsgebyr.

 

Startkontingentar /Påmelding :

  • Påmeldingsfrist 10.august.

fkkk

Etterpåmelding:

Etterpåmeldingsgebyr på 50 kr i konkurranseklassa for dei som melder seg på etter 10.august.

Fordi løpet går inn i Jotunheimen Nasjonalpark er det deltakarbegrensning på 500 i konkurranseklassane.

Vær tidleg ute med påmeldinga !

 

Starttider

Kl. 11.00 går fellesstarten for konkurranseklassane på Turtagrø ved Turtagrø Hotel.

Kl. 07.30 – 10.00 er valgfri starttid for mosjon utan tidtaking. Merk at dei som deltek i trimklassa kan ikkje starte etter kl. 10.00.

Erfaringa er at dei aller fleste vil starte så tidleg som råd for å være på toppen i målområdet for å sjå innspurten i konkurranseklassane . Då må du vere på toppen før kl. 12.00. Dei beste aktive brukar under ein time til topps ! Løyperekorden er på 56 min !

 

Arrangør IL Fanaråk vil oppfordre alle i trimklassa om å kome seg til topps på Fanaråken før kl. 12.00 for å lage ei flott stemning i målområdet når konkurranseløparane kjem stormande i mål. Alle både trimmarar og konkurranseløparar som startar på nedturen medan løparar framleis er på opptur har ”vikeplikt” og må vise omsyn.

 

Aldersgrensar:

  • Nedre aldergrense i  konkurranseklassane er 15 år ( f. 2002 ).
  • Nedre aldersgrense i trim er 12 år ( f. 2005 ). Kl. 07.30 – 10.00 er valgfri starttid for mosjon utan tidtaking. Merk at dei som deltek i trimklassa kan ikkje starte etter kl. 10.00.
  • Yngre born enn 12 år kan kun delta i følgje med foreldre/ føresette.

 

Startnummer

Startnummerhenting vil føregå i Fjordstova i Skjolden fredag 11. august kl. 17.00– 21.00 og løpsdagen laurdag 12. august ved start på Turtagrø Hotel frå kl. 07.30-10.30 .

 

Sekk,vekt, varme kle og sko

Påbode med sekk frå start til mål.

Sekken må vege minst 2,0kg ! Alle deltakarane må ha sekk som skal vege minimum 2,0 kg på ryggen frå start til mål. Vekta blir kontrollert straks etter målpassering.

Deltakarane må sjølve bære med seg kle og mat for turen (både opp og ned !).
Det skal vere varme kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen ! Dersom det ved vektkontrollen etter målpassering viser seg at sekken veg mindre enn 2,0kg blir det lagt til 3 min til sluttida dersom sekken er inntil 0,5 kg for lett.

Dersom sekken veg mindre enn 1,5kg blir vedkomande diska.

Forbod mot sko med harde piggar ! Det er det forbod mot sko med harde piggar pga. at løypa går i Jotunheimen Nasjonalpark Drikke- /matstasjonar .

 

Drikkestasjonar:

For konkurranseklassane som har fellesstart kl. 11.00 er det 4 drikkestasjonar i løypa der det blir servert rikeleg med LERUM blåbærsaft:

  • Den første i Helgedalen der løypa forlet grusvegen og løparane tek til på den bratte oppstigninga mot Fanaråken (1.050 m.o.h),
  • Den andre er ved 1.500 moh.
  • Den tredje er ved 1.800 moh og den siste er ved Fanaråkhytta etter målpassering.

Alle i Trimklassa bør ha med seg drikke i sekken på turen oppover fordi drikkestasjonane ved 1500 moh og 1800 moh er kun for konkurranseklassane . Ta med flaske som du kan fylle på med ekstra LERUM blåbærsaft på 1. drikkestasjon i Helgedalen 1050 moh.

 

Ta med deg pengar.

På Fannaråkhytta (DNT ) 2.068 moh, kan du få kjøpt varm suppe, kaffi m.m. Og skulle det være kaldt på toppen kan du gå inn og få varma deg. Sjå: www.turistforeningen.no/fannarakhytta/

 

Målpassering:

Alle i konkurranseklassane skal 50 meter før målstreken springe inn i høgre sluse som blir gradvis smalare fram mot målstreken slik at det kun går ein person i breidda. Den posisjonen du har 3 meter før målstreken, den har du også i mål. I tillegg til god skilting vil ein funksjonær stå og ”sluse” alle konkurranseløparane rett veg inn til mål !

Trimklassane skal 50 meter før målstreken gå inn i venstre sluse der dei får utdelt medaljane.

 

Premiering

  • Alle som kjem til topps på Fanaråken er vinnarar og får ein flott premie etter målpassering på Fanaråken. Tidsfristen for premie på Fanaråken er kl. 14.15
  • Dei 33,3% beste i konkurranseklassane blir premierte.
  • Pengepremiar på tilsaman kr. 30.000 til dei 3 beste kvinner og menn etter denne fordelinga: 1 pr. kr.7.500,-. 2. pr. kr. 5.000,- og 3. pr. kr. 2.500,-
  • Pengepremie på kr. 1.500 til raskaste norske kvinne og mann under 20 år ( d.v.s med fødsdelsår 2002-1997). Denne premien er sett opp for å stimulere nyrekrutteringa til motbakkeløping. (Til info er juniorklassa i EM og VM i motbakkeløp 17-19 år ).
  • Sekk med diverse frå Luster kommune til vinnarane av yngste klasse 15-17 år
  •  Premie frå DNT Oslo og Omegn til raskaste kvinne og mann over 50 år. Premien er eit valgfritt opphald med middag og frukost på ei av dei 18 betjente fjellhyttene som drives av DNT Oslo og Omegn. Denne premien skal delast ut under premieutdelinga i Fjordstova i Skjolden.
  •  Loddtrekning av 20 overnattingar på ei av dei 18 betjente fjellhyttene til DNT Oslo og Omegn. 10 skal trekkast ut blant alle påmelde før 17.mai . 5 skal trekkast ut blant alle som har delteke i konkurranseklassa og delast ut under premieutdelinga i Fjordstova i Skjolden. 10 overnattingar trekkast ut blant alle som har starta i trimklassa. Desse premiane blir delt ut inne i Fannaråkhytta. Speakar vil informere alle som kjem i mål om dette.
  • Gåvepremiar. Det blir trekt ut gåvepremiar blant alle som har fullført. Premiane vært kun delte ut til dei som er møtt fram til premieutdelinga. Difor: Få også med deg premieutdelingsseremonien !
  • Løyperekord-premie på kr. 5.000 til den som set ny rekord i den nye løypetraseen som vart nytta fyrste gong i 2011 . Løyperekordane tilhøyrer , Anita Håkenstad Evertsen , Øystre Slidre IL, 1.08.26 (2012) og Johan Bugge, Eidsvåg IL 56,46 (2015). Merk at rekordane til Anita Håkenstad Evertsen, på 1.05.53 frå 2007 og Jon Tvedt, IL Gular, på 57.18 frå 2008 er freda som rekordar i den løypa som vart nytta fram til 2009.

Premieutdeling
på Skjolden i Kulturhuset/ Fjordstova kl. 17.00:

KL. 17.00 har dei fleste hatt tid til bading og symjetur i Kulturhuset på Skjolden før premieutdelinga ! Symjebassenget og garderobeanlegget er gratis for alle deltakarane. Før premieutdelinga får deltakarane tilbod om rimeleg varm mat i Fjordstova.

Merk at det mellom kl. 16.45 og 17.00 blir vist video og lysbilete frå løpet i Fjordstova i Skjolden som oppkøyring til premieutdelinga kl. 17.00. I Fjordstova får du også kjøpt Fanaråken Opp –T-skjorta.

 

Bli med på Lustratrippelen 2017!

Idrettslaga Luster, Bjørn og Fanaråk har gått saman om Lustratrippelen 2017. Deltek du på Lustraløpet, Molden opp og Fanaråken opp har du moglegheit til å vinne fine premiar.

Lustraløpet er 5.juni og er eit 10 km langt løp langs Lustrafjorden frå Nes til Luster. Mosjonsklassa startar frå kl 11:00 og konkurranseklassa kl 14:15 (http://www.lusteril.no/). 17.juni fortset ein med motbakkeløpet Molden opp frå Marifjøra til toppen Molden som ligg 1116 moh. Mosjonistane startar her frå 08:00-10:00 og konkurranseklassa 11:16 (http://www.moldenopp.no/). 12.august avsluttar ein med Fanaråken opp frå Turatagrø 868 moh til Fanaråken 2068 moh. Her er det start i mosjonsklassa frå 07.30-10:00 og i konkurranseklassa 11:00 (http://www.fanaraaken.com/).

Beste mann og kvinne i konkurranseklassa vinn 5000 kr. Kriteria er at ein må ha delteke i konkurranseklassa på alle tre løpa og den med minste totaltid vinn.  I mosjonsklassa vert det trekt ut to gåvekort på 2000 kr og ein sykkel til ein deltakar under 12 år.

Dersom ein vel å starte i konkurranseklassa i nokre løp og mosjonsklassa i andre er ein med i trekninga for mosjonsklassa, gje då beskjed om dette under påmeldinga for siste løpet.

Premiane vert utdelt på Fjordstova, Skjolden, 12.august kl 17:00.

 

For meir info:

Ta kontakt med IL Fanaråk ved løpsleiar Anders Fortun på tlf 918 700 44, e-post: a-fortun@online.no eller Mona Bukve på tlf 997 22 349, e-post: mona_bukve@hotmail.com

Velkomen til eit unikt arrangement i praktfull natur !

 

Mål er ved Fannaråkhytta 2.068 moh, den høgast liggjande turisthytta i nord-Europa.